Vidareførar med eit par endringar

Endringane gjeld mellom anna regelen om kor mange som kan samlast privat, og bruk av munnbind.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Kommunestyret i Bjørnafjorden har måndag kveld vedtatt å vidareføre smittevernforskrifta, med nokre mindre endringar, frå 24. november til og med 6. desember. 
 
Endringane gjeld mellom anna regelen om kor mange som kan samlast privat, og bruk av munnbind.

Etter ei veke vil Bjørnafjorden kommune vurdere om det er grunnlag for å endre smittevernreglane før det er gått to veker.

Ordførar Trine Lindborg understrekar at Bjørnafjorden kommune har tatt avgjerda etter eigne vurderingar.
  
– Kommunane våre utgjer ein felles bu- og arbeidsmarknad, og vi har hatt tett dialog mellom kommunane i bergensområdet om smitteverntiltaka. Dette er regionale smitteverntiltak, og det er summen av tiltaka som gir effekt. Men vi følgjer smittesituasjonen tett, og vil vurdere eventuelle endringar om ei veke, seier Lindborg.

Dette er endringane i forskrifta:

Unntak frå femperson-regelen
Når det gjeld private samlingar/samkome gjeld framleis hovudregelen om maksimalt fem deltakarar. Men det er opna for at husstandar på fire eller fleire personar, no kan ha besøk av inntil to personar. Dette unntaket gjeld med verknad frå og med 24. november.

Presisering om bruk av munnbind
Når det gjeld bruk av munnbind, heitte det tidlegare at på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske nyttast når ein ikkje kan halde kravet om avstand på 1 meter. Kravet om munnbind er no presisert til også å gjelde når det er fare for at avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast.

– Innbyggarane i Bjørnafjorden gjer ein heilt formidabel innsats for å stanse smitten. Folk tar ansvar og er flinke til å følgje dei strenge reglane. No ser vi heldigvis teikn til at smitten flatar ut, men smittevernfagleg ekspertise seier det framleis er for tidleg å sleppe opp. Vi må rett og slett halde ut litt til. Når vi i Bjørnafjorden og resten av bergensregionen vedtar å forlenge smittevernforskrifta, er det med mål og håp om ei meir normal julefeiring for alle, seier Lindborg.