– Du skal vite at vi er her for deg

Bjørnafjorden kommune har gjort det lettare å finne fram til kven du kan ringe til når du slit med vonde tankar og kjensler.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

– Den store skilnaden frå situasjonen under nedstenginga i vår til situasjonen i dag, er at alle tenestene i kommunen no er operative. Barn og unge går i barnehagen og på skulen, kan vere saman med andre barn, har kontakt med lærarar, helsesjukepleiarar og andre vaksne utanfor heimen.

Hjelp, støtte og fellesskap
No er det gjerne oss vaksne som kjenner mest på isolasjon, einsemd og mangel på sosialt nettverk. Mange slit med vonde tankar og kjensler frå før, og opplever at alt blir forsterka i den spesielle situasjonen vi er i. Eg kjenner inderleg med alle som slit. Vi i kommunen vil gjere alt vi kan for at du som har det vondt skal få hjelp, støtte og oppleve fellesskap i tida vi no går inn i, seier Lindborg.

– Det er ikkje nødvendig å ringe ein særskilt hjelpetelefon for å snakke med nokon i kommunen om vanskelege tankar og kjensler, seier ordføraren. 

Sjå oversikt over telefon- og chattenester

Treng du nokon å snakke med?
I vår oppretta Bjørnafjorden kommune ei eiga telefon- og chatteneste som eit hjelpetilbod til innbyggarane, etter stort engasjement frå både politisk og frivillig hald.
I løpet av dei vel to månadene (24. mars-18. mai) tenesta var operativ, blei det registrert fire telefonar og åtte chatsamtalar, der fleire var frå same person. På grunn av lite bruk, blei tenesta difor avvikla inntil vidare. 

Vurderer kontinuerleg
– Det er mange gode, nasjonale, døgnopne hjelpetelefonar og chattenester som opplever auka trafikk. Mange vel nok å bruke desse, framfor å kontakte ein kommunal hjelpetelefon. Kanskje kjennest det lettare og meir anonymt å ringe ein nasjonal telefon, framfor ein i kommunal regi?
Men vi kjem sjølvsagt til å vurdere dette kontinuerleg saman med tenestene som opplever det faktiske behovet, seier ordførar Trine Lindborg.