Foreslår to millionar i tiltakspakke til lokalt næringsliv

Tiltakspakka skal i særleg grad rette seg mot eksisterande næringsliv innan servering, trening og velvære.


Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Administrasjonen i Bjørnafjorden kommune foreslår ei titakspakke med ei ramme på 2 millionar kroner fordelt på:

1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv

1 million kroner til eit tilskotsfond som lokal næringsliv kan søke inntil 50 000 kroner frå.

Tiltakspakka skal i særleg grad rette seg mot eksisterande næringsliv innan servering, trening og velvære.

Tiltakspakka blir finansiert med ekstra midlar tilført rammetilskotet vedr korona-pandemien.

Saka om tiltakspakka er sendt til kommunestyret for handsaming i ekstraordinært kommunestyremøte førstkommande måndag.