To smittetilfeller til på mandag

To kvinner testa positivt på Covid-19.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!


Endå to personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, 16. november, melder kommunen.

Desse kjem i tillegg til dei fem smittetilfella vi melde om tidlegare på mandagen.

  • Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
  • Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune. Nærkontaktar er varsla.

Totalt testa altså sju personar i kommunen vår positivt for covid-19 i går, og fem testa positivt på søndag.

Totalt er det no over 70 personar som har testa positivt på Covid 19 sidan 12. mars.