Forlenga karanatene for barnehageavdeling

Påvist smitte hos to nærkontaktar.


Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!


Barn og tilsette ved ei avdeling i Nøtteliten barnehage får forlenga karantenetida med to dagar, til og med 23. november, melder Bjørnafjorden kommune.

Endå to tilsette ved avdelinga har fått påvist covid-19, etter nærkontakt med det første smittetilfellet i barnehagen, som nyttiOs.no skreiv  om 13. november.

– Dei to tilsette var på jobb fredag 13. november, då dei gjekk i karantene på same måte som barna i avdelinga. Dette gjer at karantenetida (10 dagar frå sist nærkontakt med smitta) blir forlenga med to dagar, til og med 23. november.

Les også: To smittetilfeller til på mandag (totalt syv)

Alle tilsette og barn ved den aktuelle avdelinga er i karantene, og det er ingen mistanke om smitte til andre avdelingar ved barnehagen. Alle andre barn og vaksne kan gå i barnehagen som vanleg.

– Barnehagen har gjort alt rett
– Dette er tøft for både barna, foreldre og dei tilsette i barnehagen. Det er tilfeldig at smitten råka Nøtteliten, men det er langt frå tilfeldig at situasjonen er under kontroll i akkurat denne barnehagen. Nøtteliten barnehage har gjort alt etter boka med kohortinndeling og avgrensa kontakt mellom dei ulike avdelingane.
Faren for at nærkontaktar kan vere smitta, er jo sjølve årsaka til at vi opererer med karantene. Dette gjer det mogleg å stoppe smitten internt i denne avdelinga eller kohorten, utan at smitten får moglegheit til å spreie seg vidare. Det er eit stjerneeksempel på kvifor vi følgjer alle desse rutinane, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.