Fem nye smittetilfeller måndag

Blant dei ein tre månader gammal baby.

Fem personar har fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i dag, 16. november. Mellom dei er ein tre månader gammal baby, som er på betringas veg.

Les også: Fem nye smittetilfeller søndag

  • Mann i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
  • Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
  • Jente på 3 månader. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
  • Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
  • Mann i 30-åra. Smittesporing pågår.

Nærkontaktar er varsla i alle tilfella.

– Det er klart det kjennest spesielt når ein liten baby testar positivt for covid-19, og ein skal uansett alltid følge ekstra med når så små får ein infeksjon. Den vesle jenta har hatt lette symptom, med feber og litt tette luftvegar. Men no er ho feberfri og på betringas veg, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.