Tilsett ved legekontor testa positivt

Alle som har vore på legekontoret i det aktuelle tidsrommet, er blitt kontakta og informert.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!


Ein tilsett ved eit legekontor i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. 

Dette er eitt av dei sju smittetilfella vi skreiv om tidlegare i dag.

– Den smitta har følgd smittevernrutinane, og det er svært lite sannsynleg at pasientar eller andre tilsette kan ha blitt smitta, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Les også: Nytt smittetilfelle ved Os ungdomsskule

– Alle som har vore på legekontoret i det aktuelle tidsrommet, er blitt kontakta og informert, melder Bjørnafjorden kommune.

Les også: Fleire barn og ansatte ved barneskule og barnehage satt i karantene