Koronateststasjonar i Kolskogen og Eikelandsosen

Teststasjonen opna igjen i Eikelandsosen.


Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Teststasjonen i Fusa held til i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, og vil vere open tysdagar og torsdagar frå kl 16.30.

I tillegg er det mogleg å teste seg ved koronalegevakta på Røde Kors-huset i Kolskogen på Os.

Førebels er det berre mogleg å bestille time på telefon for teststasjonen i Eikelandsosen, men nettbestilling er rett om hjørnet.

Slik går du fram for å bestille test

– Eg er glad alle bjørnafjordingar no får kortare reiseveg til ein teststasjon. Dette er viktig for både kvar enkelt av oss og omsynet til smittevern for heile befolkninga i Bjørnafjorden. Det har vore viktig å få dette til, og det er godt å igjen kunne tilby testing på Fusa-sida.

– Det er høgt arbeidspress på dei flinke folka i testteamet vårt, og det er dei same som utfører testinga på begge sider av fjorden. Men vi vil sjølvsagt vurdere fleire testdagar i Eikelandsosen om vi ser at det blir nødvendig, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).