Dei strenge tiltaka som no blir innførte skal mellom anna gjere det mogleg å halde barnehagar og skular opne.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Kriseleiinga (KKL) i Bjørnafjorden kommune har førebels vald å oppretthalde gult nivå for barnehagar, barneskular og ungdomsskular.
Tiltaka vil bli forskriftsfesta med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 (smittevernlova).
Forskrifta vil i første omgang gjelde frå laurdag 7. november til og med måndag 23. november.
Desse tiltaka vil bli innførte i Bjørnafjorden kommune:
Tal på kor mange personar som kan samlast
- Talet som kan delta på private samlingar i heimen, blir redusert frå 10 til 5 personar, inklusiv dei som bur i husstanden. Unntak for familiar som bur fleire saman enn fem. Unntak òg for kohortar for barn i barnehage og barneskule. I tillegg skal ein føre gjestelister på lik linje med offentlege arrangørar.
- Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitteplassar og det er ikkje lov med fleire enn 20 deltakarar til stades. Dette gjeld både private og offentlege arrangement på offentleg stad. Gravferd er unntatt denne regelen. Der kan ein vere inntil 50 personar. Arrangement utan fast sitteplass blir forbodne.
Reduserte aktivitetstilbod
- Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år blir forbode.
- Treningssenter, idrettshallar, svømmehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halde stengt. Bestemminga for idrettshallar og svømmehallar gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller undervisning til barn og unge under 20 år. Bestemminga omfattar heller ikkje individuell fysikalsk trening i samband med behandling.
- Trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate.
- Bingohallar, museum og liknande tilbod skal halde stengt.
- Bibliotek stenger for aktivitetar og opphald, men utlån og innlevering vil vere mogleg.
Handling på butikkar og kjøpesenter
- Butikkar, kjøpesenter og liknande må syte for at det ikkje er flere til stades i lokalet enn at det er mogleg å halde 2 meters avstand. Tillate tal på kundar i lokalet blir rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vere vakthald som syter for at kravet blir følgt.
Krav til munnbind
- Krav om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikke kjøpesenter osb.), der 1 meters avstand ikkje kan overhaldast. I tillegg vil det bli påbode med munnbind både for sjåfør og passasjerar i taxi.
- På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast.
Tidlegare stenging av serveringsstader
- Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenge seinast kl. 22, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. Bestemminga gjeld ikkje takeaway.
Heimekontor og skular
- Krav om heimekontor for alle som kan ha heimekontor. Dette må avklarast med arbeidsgivar.
- Raudt nivå på vidaregåande skular.
Besøksrestriksjonar på sjukeheimar og andre helseinstitusjonar
Vi anbefaler pårørande på det sterkaste om å ikkje besøke institusjonane dei neste to vekene. Vi gjer unntak i spesielle høve, ta då kontakt med avdelinga.
Forskrifta blir ferdigstilt i løpet av fredag 6. november. Ho vil gjelde frå laurdag 7. november. I første omgang vil forskrifta gjelde til måndag 23. november.
– Ver saman med så få som mogleg dei neste to vekene
– Vi må redusere talet på møtepunkt og talet på folk på desse møtepunkta, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).
– Dette er tøffe tiltak som grip kraftig inn i kvardagen vår. Men smittetrykket er svært høgt i vår region, og Bergen kommune melder om stadig fleire smittetilfelle utan kjent smitteveg. Det betyr at det berre ville vere eit tidsspørsmål før vi kunne vente det same i vår kommune. Vi kan ikkje sitte og sjå på at det skjer. Difor innfører vi desse tiltaka, for å hindre ei slik dramatisk utvikling i Bjørnafjorden. Vi gjer dette for å skjerme eldre, sårbare grupper og helsevesenet vårt, seier Lindborg.
Politisk og administrativ leiing i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har samarbeida tett for å innføre målretta, tydelege og like tiltak i heile regionen.