Felles utfordring – felles tiltakspakke for Bergen og kommunane rundt.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Bergen og kommunane Bjørnafjorden, Alver, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden går saman om ein felles tiltakspakke for å bremse smitteutviklinga i regionen.
Kommunane går saman etter råd frå Folkehelseinstituttet og helseminister Bent Høie.
– Vi er ein felles bu- og arbeidsregion. Mange av innbyggjarane våre pendlar til og brukar kultur- og tenestetilbod i nabokommunar, seier ordførar Trine Lindborg.
– Vi ser også at smitten vandrar over kommunegrensene. Smittesituasjonen vi har no er vår felles utfordring. Difor er det naturleg at vi gjer dette ilag.
Les også: – Hold dere hjemme, ha minst mulig sosial kontakt
Kommunane jobbar med ei forskrift, som skal vedtas i kvar kommune.
Heile lista over nye tiltak er ikkje klar, men vi vil allereie i dag melde at vi vil innføre:
- Ny maksgrense på 5 personer i privat heim – det er unntak for familiar som er fleire enn fem og barn som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskulen.
- Påbod om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.
- Påbod om digital undervisning for høgskule og universitet.
- Raudt nivå på vidaregåande skular.
- Breiddeidrett for vaksne over 20 år blir stengt.
- På same måte vil vi si nei til (til dømes) korøving og korpsøving for vaksne.
Vi ønskjer å vere tydelege allereie i kveld, men vil understreke at vi ikkje er ferdige med alle vurderingar, og vil bruke kvelden og formiddagen i morgon på å kvalitetsjekke og sikre detaljane i det.