Mannen i 30-åra er smitta av eit familiemedlem som fekk påvist covid-19 førre veke.
Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!
Ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.
Dei to tilfella er ikkje relaterte.
Mannen i 30-åra er smitta av eit familiemedlem som fekk påvist covid-19 førre veke. Den opphavlege smittevegen er spora tilbake til Bergen. Nærkontaktar har fått beskjed.
Les også: Mann og kvinne smitta (mandag)
Det er førebels ukjent korleis kvinna i 40-åra har blitt smitta.
– Kartlegging av nærkontaktar pågår, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.