Lærar har testa positivt

Søfteland skule
Ein skuleklasse og fleire tilsette er satt i karantene.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!


Fredag morgon melder Bjørnafjorden kommune at ein lærar på 1. trinn ved Søfteland barneskule har testa positivt for covid-19. 

– Som følgje av dette må alle 30 elevane på trinnet og fire tilsette ved skulen i karantene fram til og med 6. november (10 dagar frå sist nærkontakt med den smitta) for å hindre potensiell smitte. Alle nærkontaktar er varsla.

Kommunen og rektor følgjer opp den smitta læraren, elevane og dei tilsette som er i karantene.

– Alle føresette til elevar på 1. trinn fekk melding frå rektor seint i går kveld, kort tid etter at kommuneoverlegen fekk beskjed om positiv prøve frå laboratoriet på Haukeland.

Torsdag kveld: Kvinne i 30-åra smitta

Smittevegen er kjend
Helsepersonell i kommunen vil kontakte alle dei føresette på 1. trinn i dag, fredag, for å gi meir informasjon og rettleiing.

Det er berre elevane som er i karantene, ikkje dei andre i husstanden.

– Elevane treng ikkje teste seg før dei eventuelt utviklar symptom på luftvegsinfeksjon, men må uansett halde seg i karantene heile perioden. Elevane vil få heimeundervisning medan dei er i karantene.

Andre elevar og tilsette kan gå på skulen som vanleg
– Det er ingen grunn til å tru at andre elevar eller tilsette ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet. Dei skal difor gå på skulen som vanleg.