Ras tok pumpestasjon og veg

Kommunen plasserer ut vassvogner i føremiddag.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!


Husstandar i Hålandsdalen er utan vatn etter at eit ras i morgontimane øydela pumpestasjonen i Hovdalia, melder Bjørnafjorden kommune.

– Holdhusvegen er sperra av raset, 150 meter nedanfor krysset mellom fylkesvegen og den kommunale vegen.

I løpet av føremiddagen plasserer kommunen ut vassvogner ved Hålandsdalen Montessoriskule og Hålandsdalen leirskole. 

– Samferdsel og VA har kalt ut geolog og Bergen Vann for å få oversikt over skadane.