Politi og brannvesen informerer

Brannvesenet og politiet i bygda vil gje råd til deg som har planar om å gjere opp eld utandørs, og har difor fått laga ei brosjyre.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bjørnafjorden brann og redning og Bjørnafjorden lensmannskontor har saman laga ein rettleiar for å gje informasjon og råd til deg som har planar om å gjere opp eld utandørs.

– Målet med rettleiaren er å førebygge skade og ulempe med  bålbrenning, informere innbyggarane i kommunen om kva lovar og reglar som gjeld og kva omsyn som må ivaretakast.

GJER DEG KJEND MED  REGELVERKET, OG VIS OMSYN!
I Noreg er det eit generelt bål- forbod i eller i nærleiken av skog og anna utmark frå 15. april til  15. september. I dette tidsrommet er det forbode å tenne bål og grill (også eingongsgrill) utan løyve frå brannvesenet. Det er likevel lov å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.

Bruk tilrettelagde grillplassar
Under det generelle bålforbodet er det lov til å grille i eigen hage, i parkar og ved sjøen, vel og merke i god avstand til tre og vegetasjon. Du kan òg bruke grill- og bålplassar som er tilrettelagde av kommunen.

Hald deg oppdatert!
Under særskilde vêr- og vindforhold som kan auke risikoen for gras- og krattbrannar, kan brannsjefen legge ned totalforbod mot bruk av eld utandørs. I slike tilfelle vil forbodet bli formidla på bjornafjorden.kommune.no, på Bjørnafjorden brann og redning si facebookside og i lokalmedia.

Vis omsyn! 
Det er lov å brenne biologisk avfall på eigen eigedom heile året, men berre mindre mengder kvist, gras, løv og planterestar. Føresetnaden er at røyken ikkje er til sjenanse for omgjevnadane.

Det er ikkje tillate å brenne avfall eller boss som til dømes bygningsrestar, materialar eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller lignande. Dette skal leverast på godkjende avfallsdeponi.

TA OMSYN TIL HELSE OG LUFTKVALITET
Røyk frå bål med hageavfall er ikkje ufarleg, spesielt dersom brennstoffet er fuktig. Røyk verkar irriterande på slimhinner i auger og luftvegar, og  kan føre til helseplager. Dei som har astma og andre luftvegsproblem  kan oppleve store plager grunna bålrøyk. Bålrestar kan vere både  skjemmande og giftige.

Den som skal brenne bål, må sikre seg slik at røyk og bålrestar ikkje er til fare eller plage for andre, menneske eller dyr, i nærleiken. Ein må ta ekstra omsyn nær barnehagar, skular, institusjonar eller bustadhus.

FORSVARLEG BÅLBRENNING ER DITT ANSVAR
• Ta omsyn til naboar og miljø.

• Det er berre lov å brenne hageavfall, kvist og tørt løv.

• Vis varsemd i tørkeperiodar og ved sterk vind. Vurder spreiingsfare og om    det er forsvarleg å brenne bål.

• Syt for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.

• Bålet skal alltid haldast under oppsyn og kontroll.

• Syt for å halde barn på trygg avstand frå bålet, og at dei er kledde i natur stoff som ull og bomull.

• Syt for å ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg og at bålet blir forsvarleg    sløkt med store mengder vatn.

• Rydd bålplassen før du går. Ta med eingongsgrillen og legg han på tilvist stad for eingongsgrillar.

• All bålbrenning skjer på eige ansvar!