Kjære ungdom og foreldre

Politiet oppmodar ungdomar innstendig om å avstå frå samlingar/arrangement, festlege lag eller andre planlagde aktiviteter.

 

Det er satt inn fleire tiltak for å få bukt med Koronaviruset.

Vi kallar det dugnad. Noreg og innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune er gode på dugnad. Denne dugnaden må vi stå saman om.

Viruset er for dei fleste av oss ikkje farleg, men for ganske mange kan det vere dødeleg. Dei aller fleste av oss kjenner personar dette er farleg for, og det er noko vi bør tenkje på. Det er derfor viktig at vi alle gjer kva vi kan for å minska spreiing.

I tråd med råda frå helsemyndigheitene, oppmodar politiet i Bjørnafjorden ungdomar innstendig om å avstå frå samlingar/arrangement, festlege lag eller andre planlagde aktiviteter. I møte med andre er det vanskelig å vite kven som er og eventuell blir smitta. Vi veit det er keisamt, men er det nokon som klarer å finne alternative måter å vere sosial på, så er det de som er unge!

Vi anbefaler også å avstå frå å drikka alkohol, då dømekrafta svekkes. På fest er stemninga god og alkoholinntaket får oss til å tenka litt annleis. Vi blir meir intime og del av vår drikke. Viruset smitter ved dråper, noko som betyr at å dele drikke er svært risikofylt. Dette gjer at fester og den slags arrangement er risikoutsett for smitte.

Kjære ungdom, vær så snill, dropp festlege lag. Du blir kanskje ikkje sjuk, men tenk på andre medborgarar. Andre kan dø av å bli smitta. Vær et medmenneske og held deg vekk frå fester og samlingar med andre! Då kan du sei at du har medverka på dugnaden.

Kjære foreldre. Sei nei til din ungdom. Hjelp dei med å ta valet om å holde seg borte frå festane og samlingar dei ønskjer å delta på og vera ein del av. Snakk med dei slik at dei forstår kor dumt det er å møte andre nett no. Vi må stå saman dersom vi skal knekke viruset.

Vi ønskjer alle alt godt. Vi har ingen liv å miste til dette viruset. Vær så snill å ta det på alvor. Til alle dykk som har råka ut for viruset, god betring.

Vi må stå saman no!

Helsing politiet