Oppdater CVen-samfunnet treng deg.

Samstundes som vi er midt oppe i ei dramatisk krise på arbeidsmarknaden, finst det mange ledige jobbar som må fyllast.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

NAV ber alle arbeidssøkande om å halde CVen sin oppdatert.

– Det er paradoksalt nok mangel på arbeidskraft innan fleire viktige samfunnsområde, fortel Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth, leiar NAV region Midthordland og NAV Bjørnafjorden.

  • Daglegvarehandelen treng kassapersonell, varepåfylling og lagerhandtering.
  • Transport av matvarer og drivstoff er samfunnskritisk. Her trengst sjåførar, lagermedarbeidarar og truckførarar.
  • Næringsmiddelindustrien treng mange ulike operatørar i sine produksjonsliner.

Dette er vitale samfunnsfunksjonar som alt no manglar mange medarbeidarar som følgje av pandemien. NAV har eit ansvar for å hjelpe til å finne naudsynt arbeidskraft til ledige stillingar, og som arbeidsledig kan du vere med å løyse denne utfordringa.

Vi treng CV-en din no
– Dette er ein god sjanse for deg som er arbeidsledig eller permittert, men vi må vite kva du kan og kva du ønskjer, seier Dammen-Hjelmeseth. Difor må du fylle ut ein kort CV når du registrerer deg hjå oss som arbeidsledig eller permittert, slik at opplysningane blir tilgjengelege i den nasjonale hovudbasen for å kople arbeidssøkande og bedrifter: www.arbeidsplassen.no.

Diverre hoppar mange over dette steget når dei registrerer seg hos NAV.

– Konsekvensen er at du kan gå glipp av jobbtilbod, fordi arbeidsgivaren ikkje finn deg. Dersom du er permittert, håpar vi at du skal tilbake til jobben din. I mellomtida kan du bidra til å løyse viktige samfunnsfunksjonar i ei midlertidig stilling ein annan stad, seier Dammen-Hjelmeseth.

Hugs at du kan oppdatere CV-en din fortløpande, også etter at du har registrert deg hos NAV.