Gladsak frå Oseana

Oseana streamer til isolerte på institusjonar. Konserter med Jan Eggum/ Halvdan Sivertsen, Eva Weel Skram og Aurora Aksens skal streames.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Vi er i ei vanskeleg tid. Bekymring, sjukdomsfrykt og sosial isolasjon pregar kvardagen for mange.

For menneske busett på institusjonar kan denne tida opplevast ekstra vanskeleg, med begrensa eller ingen kontakt med verda utanfor, familie og venar.  Med langt færre sosiale aktivitetar blir dagane lengre og tyngre.

Med bakgrunn i koronasituasjonen og den ekstra belastninga den har ført til for busette på institusjonar, vil OseanaLive i tida framover sette opp ekstra reprisar av tidlegare sende konsertar og teaterframsyningar til helseinstitusjonar i heile landet.

– OseanaLive har streama konsertar og teaterframsyningar ei god stund no, og det betyr at vi har eit sett med arrangement som vi kan sende i reprise, seier nytilsett i Oseana og koordinator for prosjektet Taija Korhonen. Med både teknikk og verkty allereie på plass, er det også enkelt for oss å setje dette opp.

I løpet av dei neste vekene vil mellom anne folkekjære artistar som Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, Eva Weel Skram og Aurora Aksens bli streama til institusjonar. Også to tidlegare teaterframsyningar frå Riksteatret vil bli vist.

– Vi er utruleg takknemleg for det gode samarbeidet vi har med desse artistane og med Riksteatret, seier Taija. Takka deira velvilje kan vi no glede mange med gode kulturelle opplevingar, og bidra til å løfte blikket i den turbulente tida vi no er i.

Luranetunet omsorgssenter på Os og Arna Helseheim er to av mange som er råka av karantenar og innstrammingar i besøkstilbod og aktivitetar i denne tida. Her blir tilbodet frå OseanaLive tatt imot med stor takksemd:

– Vi set veldig stor pris på å kunne sende desse reprisane no i denne tida. Det gjev gode opplevingar for bebuarne våre no når andre konsertar og aktivitetar er avlyst, seier Marit Takvam som er frivillighetsansvarleg ved Arna helseheim.

OseanaLive er eit streamingprosjekt Oseana har i samarbeid med Kavlifondet og artistar / utøvarar. Gjennom streaming direktoverfører dei utvalde konsertar og framsyningar frå sesongprogrammet til institusjonar, til beste for pasientar og deira næraste pårørande. Det er ein lukka straum til institusjonar kor det bur menneske som elles ikkje har høve til å oppleve kunst og konsertopplevingar i konsertsalen. Reprisane som blir send no framover, er eit ekstra tiltak utanom det fast programmet.

Prosjektet med å streama kulturopplevingar er eit nonprofitt arrangement som er støtta av Kavlifondet.

OVERSIKT OVER KONSERTAR VI VIL STREAME I REPRISE:

  • Torsdag 26 mars kl. 10-16.00: Lindesnes trekkspillklubb / opptak februar 2020
  • Torsdag 2 april kl. 11.00: Jan Eggum / Halvdan Sivertsen med forestillingen «VI TO (er ikke Romeo og Julius)» / opptak vår 2019
  • Torsdag 9 april kl. 16.00: Eva Weel Skram  / opptak høst 2019
  • Torsdag 16 april kl. 16.00: Aurora / opptak høst 2019

OVERSIKT OVER TEATERFRAMSYNINGAR VI VIL STREAME (RIKSTEATERET):

  • Tirsdag 7 april kl.11.00: Fortrolige samtaler , regi Liv Ullmann / opptak høst 2016
  • Tirsdag 14 april kl. 11: Heia Flåklypa / opptak høst 2016