Fortsetter med «fjernundervisning»

– Skulebygningane er stort sett heilt tomme om dagane, og det kjennest merkeleg.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Klokka 1600 i går gjorde Erna Solberg det klart at alle tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset blir forlenga til over påske (til og med 13. april).

«Skulebygningane er stort sett heilt tomme om dagane, og det kjennest merkeleg», skriv rektor Olav Røttingen ved Kuventræ skule i ei melding til foreldre og føresette.

Skular og barnehagar vert altså stengt også i neste veke, og lærarar må halde fram med «fjernundervisning».

«Eg lovar at vi skal gjere det vi kan for at alle elevar skal få best mogleg fagleg utbyte framover. For å lukkast med dette er vi avhengig av at de der heime følgjer opp så godt de kan. Å kombinere heimekontor i ein travel jobb med å følge opp skulearbeidet til ungane kan nok by på utfordringar, så her må kvar og ein vurdere når «nok er nok». God dialog med lærarane er eit nøkkelord her», skriv rektor Olav Røttingen ved Kuventræ skule.

«Heile nasjonen er med på ein solid dugnad for fellesskapet i desse dagar, og vi gjer alle så godt vi kan. Tusen takk for godt samarbeid, alle saman!»