Har bedrifta di smittervernutstyr?

Det kan bli meir behov for smittevernutstyr enn det kommunen har per dags dato.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bjørnafjorden kommune oppmodar no alle næringslivsaktørar i kommunen som har smittevernutstyr til å ta kontakt.

– Vi vil spesielt gjerne kome i kontakt med bedrifter som har følgande utstyr:

  • Åndedrettsvern (ffp2 eller ffp3 sertifisert)
  • Heildekkande visir/beskyttelsesbriller
  • Heildrakter (som til dømes blir brukt ved lakkering).

– Dersom di bedrift har smittevernutstyr som de kan avsjå, ta gjerne kontakt med næringssjef Elin Bryn Thorsen på tlf 99345108 eller via mail: elbt@bjornafjorden.kommune.no, så vil ho koordinere i samarbeid med ansvarleg for smittevernutstyr i kommunen, Øystein Grytøyr.

– Ein stor takk til dei næringsaktørane som allereie har tatt kontakt, og til alle dei som stiller opp for kvarandre og kommunen i denne tida.