Bjørnafjorden kommune opnar eigen koronalegevakt

Onsdag 25. mars opnar Bjørnafjorden kommune ei særskilt legevakt for personar som har symptom på luftvegsinfeksjon.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

– Dette gjer vi for å hindre eventuell smittespreiing av koronaviruset til fastlegekontor og ordinær legevakt, og for å kunne tilby rask og effektiv hjelp til personar med sjukdomen covid-19, som er forårsaka av koronavirus, melder Bjørnafjorden kommune.

Pasientar blir viste til koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogen, etter ei vurdering frå fastlege eller legevaktsentralen.

– Det er svært viktig at ingen møter opp utan avtale. I utgangspunktet skal pasientar som har fått time bli verande i bilen utanfor bygget til helsepersonell gir beskjed om at dei kan kome inn.

Koronalegevakta vil vere betjent av lege og sjukepleiarar, og vere open kvar dag, kl. 8-15.30.

Hjelpe og beskytte
– Målet er eit effektivt og operativt ressurssenter for dei innbyggarane i Bjørnafjorden kommune som har symptom på luftvegsinfeksjon og som treng helsefagleg vurdering/legeoppfølging. Med ei separat koronalegevakt kan vi både gi god og rask helsehjelp til dei som er råka av viruset og samstundes beskytte andre mot smitte, seier leiar for Førebyggande helsetenester i Bjørnafjorden kommune, Marita Wallevik.

Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng tilsyn/råd frå lege?Ring fastlegen din, som vil vurdere om du skal visast til koronalegevakta. Utanom kontortid, ring legevaktsentralen på 116117.

Har du andre spørsmål om korona, smitte og testing? Ring smitteverntelefonen på 56 57 57 57. Sjå opningstider og meir informasjon.