Ein mann og ei kvinne i 40-åra er smitta av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Det er påvist to nye tilfelle av koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden i dag, 21. mars.
– Dei smitta er ein mann og ei kvinne i 40-åra. Smittevegen er kjent, og begge har vore i isolasjon før dei fekk symptom, melder Bjørnafjorden kommune.
Totalt er det no sju tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune.