
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
– For nokre verksemder vil det vere samfunnskritisk å halde i gang produksjon, for eksempel for å kunne tilby nødvendige varer eller tenester til samfunnet. For andre vil tiltaka føre til store økonomiske tap og kanskje konkurs. Regjeringa har sett i verk ei rekke strakstiltak for næringslivet, og vurderer fortløpande om det skal innførast fleire tiltak, melder Bjørnafjorden kommune
Sjå meir informasjon på regjeringen.no.
Bjørnafjorden kommune oppmodar alle verksemder til å samarbeide der det er mogeleg, og opptre koordinert og i tråd med dei retningslinjene og tiltaka som er innført av helsestyresmaktene
Oversikt over behova til verksemder i Bjørnafjorden
Næringsdrivande i Bjørnafjorden kommune er velkomne til å kontakta næringssjef Elin Bryn Thorsen med spørsmål, bekymringar eller innspel til gode løysingar.
– Ho vil, etter behov, fortløpande oppdatere ei oversikt over verksemder som har bemanningsbehov og dei som allereie har eller står i fare for å måtte permittere ansatte. Der det er mogleg, kan vi i ein krevjande situasjon prøve å finne smarte løysingar for samarbeid som kan bidra til å halde hjula i gang, både for verksemder og for tilsette som er permittert eller risikerer permittering.
Næringssjefen er tilgjengeleg på telefon 9935108 eller e-post elbt@bjørnafjorden.kommune.no
Følg nasjonale retningslinjer
Det er svært viktig at alle opptrer etter helsestyresmaktene sine retningslinjer for å hindre spreiing av koronaviruset, samtidig som vi alle bidrar til dugnaden for at samfunnet skal fungere mest mogeleg normalt.
– Det er allereie fleire innbyggarar i kommunen som har kome med gode forslag til korleis vi kan støtte opp om lokalt næringsliv i denne krevjande tida, samtidig som fleire næringsaktørar har innført smarte løysingar for å oppretthalde gode tilbod på ein trygg måte. Det er til dømes fleire som tilbyr utkøyring av varer og produkter via digital bestilling.
Kommunen oppmodar til å handle lokalt, og mest mogeleg digitalt. Det har òg blitt oppmoda om at ein, der det er mogeleg, utset det ein har bestilt og eventuelt betalt for, i staden for å avlyse. Då mistar ikkje dei verksemdene dette gjeld kundane sine og det økonomiske grunnlaget sitt på sikt.
Følg med på Næringslivets sikkerhetsråd sine sider for å få oppdaterte råd for næringslivet i samband med koronaviruset.
Desse 15 funksjonane blir rekna som samfunnskritiske:
- Styring og kriseleiing
- Forsvar
- Lov og orden
- Helse og omsorg
- Redningsteneste
- IKT-sikkerheit i sivil sektor
- Natur og miljø
- Forsyningssikkerheit
- Vatn og avløp
- Finansielle tenester
- Kraftforsyning
- Elektroniske kommunikasjonstenester
- Transport
- Satellittbaserte tenester
- Apotekene