– Ikkje påvist smitte

Men Folkehelseinstituttet har kome med utvida anbefalingar om karantene.


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Så langt har åtte personar i Bjørnafjorden blitt testa for det nye koronaviruset og alle prøveresultata er negative. 

– Det er framleis ikkje påvist smitte av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune, melder kommunen til media og på nett søndag kveld.

Personane har blitt testa heime av prøvetakingsteamet frå kommunen. Ingen er alvorleg sjuke.

Nokre må halda seg heime
For å avgrense smitte, har Folkehelseinstituttet kome med utvida anbefalingar om karantene.

– Har du vore på reise i område med vedvarande smitte av koronavirus? Då skal du halde deg heime i 14 dagar etter heimkomst, uavhengig av om du har symptom eller ikkje. Dette er særleg viktig for helsepersonell.