
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
– Målet med seniortråkk er å kartlegge kor dei eldre bevegar og oppheld seg og kva dei ønskjer av forbetringar i sitt nærmiljø (hovudsakleg Osøyro), seier arealplanleggar i planavdelinga til Bjørnafjorden kommune, Mathilde Ilper Johnsen.
Kommunen ønskjer eit meir aldersvennleg samfunn. For å få det til, treng dei kunnskap om kor og korleis seniorar nyttar ulike område i kommunen i dag. Kva er bra? Kva kan bli betre?
På måndag den 17.02 mellom kl. 10 og 13 skal Léva Urban Design , prosjektleiar frå kommunen og representantar frå eldrerådet vere tilstades i Os eldresenter for å bistå dei som ønskjer det i gjennomføring av den digitale, kartbaserte undersøkinga.
– Vi ønskjer at informasjon om prosjektet når ut til innbyggjarane i kommunen slik at flest mogleg seniorar deltek i undersøkinga (som er open i nokre veker framover).
Er du 60 +? Di innsikt kan gjere Bjørnafjorden kommune til eit meir aldersvennleg samfunn. Ta den digitale undersøkinga og hjelp oss i kartlegginga!
Kva er seniortråkk?
Bjørnafjorden kommune ønskjer å legge til rette for eit meir aldersvennleg lokalsamfunn. For å få det til, treng vi kunnskap. Måten vi hentar inn denne kunnskapen på blir kalla Seniortråkk – og er ein kartleggingsmetode som gir innsikt i målgruppa sine behov og ønske for definerte område i nærmiljøet. Resultata frå undersøkinga og seniortråkket vil vere viktig kunnskap for kommunen i arbeidet med å utvikle eit meir aldersvennleg samfunn.