Fylkesmannen ønskjer informasjon om sårbare naturtypar og artar i sjø

Kartlegging av naturmangfald i sjø er ei mangelvare.


Følg NyttiOs.com på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Dersom du veit om sårbare artar eller spesiell natur i sjøen, vil Fylkesmannen at du melder det inn.

I naturmangfaldlova er omgrepet «naturtype» skildra som «einsarta type natur som omfattar alle levande organismar og dei miljøfaktorane som verkar der».

Manglande oversikt over viktige naturtypar og sårbare artar kan i verste fall føre til at desse går tapt på grunn av nye eller auka påverknader frå menneskeleg aktivitet. Fylkesmannen ønskjer difor å tilby ein portal der du enkelt kan melde inn funn av artar og naturtypar som ein ønskjer å beskytte, men av ulike grunnar ikkje ønskjer skal bli offentleg kjent.

HER kan du melde inn!

Meld inn
Å legge data inn i desse databasane kan verke tidkrevjande og komplisert, og Fylkesmannen tilbyr difor eit enkelt innmeldingsskjema.

– Vi oppmodar alle som sit på verdifull kunnskap til å bruke nokre minutt på å fylle inn grunnleggjande informasjon i skjemaet under. Her er det også mogleg å laste opp ekstra dokument og bilete.