I dag starta hummarfisket

For å ta vare på hummarbestanden er det innført strenge reglar for hummarfiske.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs på Facebook)

Det har blitt ein høgtidsstund for mange å komma til 1. oktober, og endeleg få lov å fiska etter havets kardinal, hummaren.

Fleire stader i landet er det meldt om fiske etter hummaren i fleire veker før dagen i dag, og mange av desse har fått konfiskert utstyr.

Men frå klokka 08 i dag den 1. oktober, er det altså lov å setta ut teiner.

Les alt om regler for hummarfiske her!

Strenge regler for hummerfisket
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett strenge reglar for hummarfiske. Dette innebærer blant anna at absolutt alle som skal fiska hummar må registrera seg før fisket startar. Dette gjeld altså både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskermanntallet.

  • Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet. Påmeldinga gjeld kun for inneverande år, men det vil bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummeret for dei som også melder seg på fisket neste år.
  • Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.
  • Ei hummerteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar – éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter. I tillegg skal alle teiner ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd/rotnetråd, som er nedbrytbar.
  • Det er minstemål på hummar. Hummar som er mindre enn 25 centimeter lang må du setje ut att i sjøen. Målet skal takast frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.
  • Hummaren er freda store delar av året. Hummarfiskesesongen startar
    1. oktober klokka 08:00 i heile landet.
  • Frå svenskegrensen til og med Sogn og Fjordane kan du fangste til og med
    30. november.
  • I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.
  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s