«Probably the smallest beerfestival in the world»,

Finn fram bryggekjelen, Oseana Ølfestival lanserer årets heimebryggarkonkurranse.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs.no på Facebook!

Oseana Ølfestival er etterkvart blitt ein tradisjon, og går i år av stabelen laurdag 22. juni.  Kvart år har festivalen sin eigen heimebryggarkonkurranse, og det er no tid for å grave fram bryggekjelane om du tenker å delta i årets tevling.

– Osingar, fusingar, bjørnafjordingar og andre – no skal det igjen konkurrerast i ølbrygging, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica Søilen Halhjem i ein pressemelding.

Saman med Cato Larsen ved Bjørnafjorden Bryggeri fortel ho at årets heimebryggarøl skal vera ein Amerikansk IPA. Dette er eit humletungt øl med god bitterheit, svak maltbase og uante moglegheiter kva gjeld smak og aroma, skal me tru ølpartnarane.

– Det ligg fleire detaljar om dette ølet og om konkurransen for øvrig på heimesidene til Oseana og Facebooksida til festivalen, fortel Halhjem.

I fjor skulle heimebryggarølet innehalda ein lokal ingrediens, og det var heimebryggar Bjørn Egil Døsen som då gjekk av med sigeren. Ølet hans inneheld lokale bringebær, og skal snart i produksjon hjå Bjørnafjorden Bryggeri.

– Premien var å få laga ein batch av ølet sitt hjå oss. Dette brygget skal sjølvsgt også kunna smakast på under festivalen i år, og vi håper det vil kome ut i dei lokale utsala som er her i bygda, smiler ein nøgd Cato Larsen, som legg til at premien sjølvsagt blir det same i år, sjølv om dei ikkje kan garantera videresal av ølet.

Alle kan delta i tevlinga, om ein brygger åleine eller i samla flokk, om ein har brygga éin gong, ingen gonger, eler har dreve med dette i fleire år.

– Her gjeld det å samla tankane og ferdigheitene, og få malt, humle, vatn og gjær til å bli edle dråpar, smiler Larsen. Han fortel vidare at ølet vil bli vurdert av egna dommarar og alle vil få ei tilbakemelding på ølet sitt i form av eit dommarskjema.

Deltek du i tevlinga må ølet ditt leverast i resepsjonen på Oseana innan 7. juni. Om du av ein eller annan grunn ikkje skulle koma deg dit, er ølentusiastane ikkje verre på det, enn at dei gjerne hjelper deg (eller ølet) på veg.

– Jada, det er klart ølet skal fram!, smiler Larsen. Er det nokon som av ulike årsaker ikkje sjølv får levert ølet i Oseana innan fristen, kan dei kontakt oss på Bjørnafjorden Bryggeri, så skal vi sjå om vi ikkje kan hjelpa.

Oseana Ølfestival er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnafjorden Bryggeri, og hadde i fjor rundt 500 besøkande på den solfylte Oseana terrassen.

– Vi er «Probably the smallest beerfestival in the world», og heilt sikkert den med best utsikt, smiler Halhjem. Akkurat det naut festivalen godt av i fjor, då sola stod høgt på himmelen og viste Bjørnafjorden frå si beste side. Vi håpar sjølvsagt på same lykka i år, avsluttar ho.