– Det skal vere enkelt å få svar i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjordingane ønskjer seg både gode sjølvbetjeningsløysingar på nett og å kunne møta opp i eit kundemottak.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Resultatet av spørjeundersøkinga som vart sendt ut til innbyggarane i Os og Fusa i oktober i fjor viser blant anna at folket er oppteken av tilgjengeligheit.

– Det skal vere enkelt å få svar i Bjørnafjorden kommune. For å bli betre, må vi jo først vite korleis stoda er i dag, kva oppleving innbyggarane har i møte med oss og kva for ønske og forventingar dei har til service i den nye kommunen, seier organisasjons- og innovasjonssjef i Os og Bjørnafjorden kommune, Elisabeth Farstad.

I undersøkinga vart det bede om tilbakemeldingar på servicen vår, og innspel til kva kanalar innbyggarane helst vil bruke når dei skal finne informasjon og ta kontakt med Bjørnafjorden kommune.

Og no er undersøkinga kartlagt.

Heile 25, 8 prosent av fusingane og 23,6 prosent av osingane svarte på undersøkinga, anten via SMS-en som vart sendt ut eller ved å gå inn på lenka på kommunane sine nettsider. I tillegg fekk dei inn over 3200 kommentarar og innspel.

– Til saman gir dette oss verdifull kunnskap om stoda i dag og korleis vi skal rigge oss for framtida.

SLIK svarte Osingane og Fusingane!

Rapporten frå forprosjektet skal leggast fram for Tenesteutviklingsutvalet og Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune i februar. Etter dette kjem administrasjonen til å lage ein tiltaksplan for områda som rapporten peikar på.