Staut kjem til Tysnesfest

– Staut ga oss ei makalaus oppleving i Kjevikjo i 2016. No er dei klare for Gjerstad arena.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs.no på Facebook!

Valdres-gjengen i Staut har på få år blitt eit av dei største banda i sin sjanger. Fengjande melodiar, sterke og gode tekster, enormt dyktige musikarar og ein heftig driv og energi på scena er bandets varemerke.

Staut kan visa til både gullplater og fyrsteplass på VG-lista. Dei har turnert Noreg på kryss og tvers, og har eit tal konserter som få andre norske band kan matche. Dei har og gjort store TV-opptredenar og ei rekkje av låtane har vore A-lista på radio.

I heile fjor turnerte sekstetten for fulle hus Norge rundt. Dei rakk også å sleppe tre singlar. Den seinaste singelen ut, «Leika Like Ved», har i lange tider vore spelt mykje på NRK P1.

I januar slapp dei albumet “Makalaus”, som fekk terningkast fem både i Dagbladet og Aftenposten. Tittelen er langt frå tilfeldig:

– Makalaus er en fjelltopp som ligger på grensa mellom Nord-Aurdal og Sør-Aurdal i den sørlige delen av Valdres. Turen opp dit er verken lang eller krevende men når man er oppe møtes man av en panoramautsikt som i alle himmelretninger er makeløs – på sin måte.  Det er denne utsikten vi i STAUT vil vise folket når vi nå gir ut vårt sjette album. Vi håper å ta folket med på en musikalsk topptur som ikke er for lang og krevende men som likevel gir en vidstrakt panoramautsikt inn i vårt landskap av ord og toner. Her vil du finne ville, rytmiske stryk, stille tjern med vare toner, melankolske, mollstemte solnedganger og et yrende dyreliv med dansende tiur i yppig lek, en lyrisk rev som muligens lurer deg første gang du hører den – og kanskje, om du lytter nøye, kan du høre ei klok ugle som uler langt inne i skogene, seier låtskriver Ørnulf Juvkam Dyve.

Staut speler på Gjerstad arena fredag 12. Juli.

Til no er fylgjande artistar annonsert til Tysnesfest 2019:
Aurora, Åge & Sambandet, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Staut, Skambankt, Kjartan Lauritzen og Kriminell Kunst