Mållaget klagar på at vegvesenet brukar bokmål

Hordaland mållag ber Statens vegvesen endra til nynorsk på to skilt og på skjermer på fleire ferjer

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

I mai klaga Hordaland mållag til Statens vegvesen på at det på to skilt i Os kommune informeres på bokmål og ikkje på nynorsk.

Det gjeld skiltet «husk bilbelte», som står like nord for Halhjem, skiltet ved Liafjellstunnelen, kor ein skal stansa for «rødt» blink, og informasjonen frå Statens vegvesen som heile tida rullar og går på skjermane om bord i ferjene mellom Halhjem-Sandvikvåg.

«Då mållova krev at statsorgan som Statens vegvesen skal skilta på nynorsk i nynorskkommunar (til dømes Os kommune) og i nynorske område (til dømes på sjøen mellom fleire nynorskkommunar, til dømes mellom Os og Fitjar kommunar …), ventar Hordaland Mållag at Statens vegvesen region vest syter for nynorske tekstar i dei tilfella som dette klagebrevet gjeld», skriv mållaget i brevet til Statens vegvesen.

Ordnar opp
Statens vegvesen beklagar at det har tatt tid før mållaget har fått svar, og viser til at det er tre ulike instansar som er ansvarlige for skilta og informasjonen.

Men dei lovar å få endra teksten på skilta og på informasjonen på ferjene.

«Dersom «Husk bilbelte»-skiltet i Os ikkje er bytt allereie, vil det bli retta ved neste montering», svarar Statens vegvesen i eit brev til Hordaland mållag om skiltet på Halhjem.

«Med bakgrunn i lov om målbruk i offentleg teneste, og klaga på skilt langs E39 frå Halhjem mot Bergen, vil vegavdeling Hordaland byta ut skilta med feil målform snarast råd», svarar dei om skiltet ved Liafjellstunnelen.

«Dette vil bli retta opp når ny ferjeoperatør og
nye ferjer kjem på plass i januar 2019», svarar dei om informasjonen på ferjene.