Folkedans i Oseana

Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen speler opp ti dans.


Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Laurdag 13. oktober kl. 19.00 spelar Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen til dans i Oseana.

– Musikken kjem til å gå kontinuerleg heile kvelden, berre avbrutt av nokre økter med songleik, ringdans og turdans. Innimellom vert det litt underhaldning, melder Os Spellemannslag.

Det vert mellom anna vals, reinlendar, polka, swing, tango og turdans.

– Vist du kjenner nokon som berre vil vera med å oppleva stemninga denne kvelden, utan å vera på dansefot, så ta dei med. Her er småbord som dei kan sitja ved og få seg både mat og drikka. 

Konferansier: Steinar Bøe. Leikleiar: Oddrun Larsen.

Billettar får du på Ticketmaster eller ved inngangen.