Treng bøssebærarar til årets TV-aksjon

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt  arbeid for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 21.oktober. Bøsseberarane går i ei tid innafor kl. 15.00 – 18.00 på innsamlingsdagen.

– Vi i kommunekomiteen er i gang med førebuingane og treng mange bøssebærarar. Vi håper at du og vil hjelpe til, slik at alle osinger får besøk, seier Tove Hille, dagleg leiar i
Os frivilligsentral og koordinator for TV aksjonen i Os kommune.

– Kanskje du veit om andre som og vil bli bøssebærar; ein nabo, slektningar eller nokon frå koret eller idrettslaget! Da kan vi bli enda fleire enn tidligare!

Som bøssebærer på aksjonsdagen 21. oktober vil din oppgave vera:
– Henta innsamlingsbøsse. Vi vil seinare senda ut info med tid og stad for dette.
– Gå / køyra din tildelte rode (kanskje den du gikk i fjor)
– Levera inn bøssa etter at du har gått runden, før kl. 18.00
– … og kanskje du har tid til en kaffekopp og en prat etter innlevering i Tunet kyrkje og kultursenter, Osøyro 49.

Du kan melde deg hos Os frivilligsentral i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, men og via den sentrale bøssebærerdatabasen blimed.no.