
Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!
Miljøopplæringa på Os Vidaregåande skule tar utgangspunkt i eit tverrfagleg og framtidsretta fokus på berekraftig utvikling. Og miljøarbeidet på skulen involverer både tilsette og elevar. Miljøprosjektet for skulen i 2018 er «kjeldesortering».
Og Miljøveka vert gjennomført neste veke (24.-28. september) og årets miljøtema er altså «kjeldesortering». Alle klassar ved skulen skal i løpet av veka gjennomføre eit sjølvvald miljøprosjekt, innan årets miljøtema.
Nokre av prosjekta som elevane skal gjennomføre til veka:
- Måndag 24.09 skal 1HOA ha undervisning om miljø, forbruk, kjeldesortering og haldningsendringer.
- Onsdag 26.09 skal 1TPA, 1TPB og Kjøretøy (2TPKJTA) plukke og kjeldesortere boss i Smievågen/Moldafjøro mellom kl. 10 og 12.
- Torsdag 27.09 skal 1BAANL-LD sjå på gjenvinning av rivningsmasser frå bygg.
- Fredag 28.09 skal VG2 Transport og Logistikk ha eit bedriftsbesøk hos BIR på Espehaugen.
- Fredag 28.09 skal 1SSA, 1SSB og 2SSSSSA plukke boss på skuleområdet dei to siste timane.
- I tillegg er det klassar som har prosjekt om å lage skulpturer av plastavfall, bygge avfallsbehaldarar til verkstadane, etterspørre kjeldesortering hos andre bedrifter i Os m.m.