Vil ha BH-en din!

Skal brukast i ei praktfull overrasking i samband med Rosa veke i Os sentrum.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

I oktober skal heile landet bli farga rosa for å vise solidaritet med brystkreftramma.

Kreftkoordinator i Os kommune og sentrumsforeningen i Os sentrum samarbeider om å arrangere Rosa veke i Os sentrum 22.-28. oktober.

– Før vi kjem så langt, ønskjer vi at så mange osingar som mogleg donerer ein gamal BH til kreftsaka. Vi tar i mot alle typar, fargar, storleikar, med eller utan spiler, blondar og stroppar, melder Os kommune i ein pressemelding.

BH-ane skal brukast i ei praktfull overrasking i samband med Rosa veke, for å skape merksemd og spreie informasjon om brystkreft.

– Du og BH-en din vil vere med på å farge Osøyro rosa og støtte Rosa sløyfe-aksjonen. Alle BH-donasjonar er heilt anonyme.

Lever den gamle BH-en din i Kommunetorget i Os rådhus, Nordisk Rom, Madam Ane eller Os Blomsterservice innan 19. oktober.