Vil plassere en lysende glasspyramide på moloen

Går alt etter planen, kan en lysende blå pyramide stå klar på moloen til neste år.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Kunstner Arne Mæland har tidligare hatt samtale og presentasjon i formanskapet vedrørande «den blå glaspyramiden», og der
fekk den positiv mottaking.  Den er tenkt plassert på moloen på Haugsneset.

No vil Arne Mæland og  samarbeidspartnarar gå vidare med prosjektet.

– Vi ynskjer å gå vidare med proskjektet og har som målsetting at den skal stå ferdig til 20 års jubileumet til «Os internasjonale skulptursymposium», sommaren 2019, seier Arne Mæland i eit brev til Os kommune.

For å kunna gå vidare med proskjektet trengs det eit ja frå Os kommune om at dei vil vera med å bidra med støtte til prosjektet

– Vi anslår samla kostnad for pyramiden, ferdig montert på betongsokkel, til 2 millionar kroner.

– Eg håpar at Os kommune vil sjå positivt på dette som ein del av «Utviklinga av Os havn» og «Liv på Øyro», seier Arne Mæland i brevet til kommunen.

Illustrasjon.