Søkjer 100 vise bjørnafjordingar

Kva verdiar og haldningar kjenneteikner ein bjørnafjording? No treng Bjørnafjorden kommune din hjelp.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Tysdag denne veka hadde representantar frå Bjørnafjorden kommune og Oktan Bergen oppstartsmøte i prosjektet som har fått namnet «Profil og Identitet i Bjørnafjorden kommune».

Oktan blei i juni tildelt jobben med å utarbeide ein merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag og «slagord» for den nye kommunen. I tillegg skal selskapet lage ein grafisk profil for Bjørnafjorden kommune.

– Det blei ein sjampanjelunsj på kontoret då vi fekk tilslaget på anbodet. Dette var ein jobb vi verkeleg hadde lyst på, men det er no den startar, seier prosjektleiar Therese Rygg frå Oktan.

 Lagar brei samansatt prosjektgruppe
Saman med ei prosjektgruppe, sett saman av tilsette i dei to kommunane, politikarar, næringslivrepresentantar og innbyggjarar i Os og Fusa, skal Oktan i løpet av dei kommande vekene læra nye Bjørnafjorden kommune å kjenne.

– Det første vi skal gjera er å setta ned prosjektgruppa som skal hjelpe oss med å få innsikt. Denne kjem til å blitt satt saman i neste veke. Då kan det vera at osingar og fusingar får ein telefon frå ein av ordførarane Marie Bruarøy eller Atle Kvåle med spørsmål om å vera med.

 Vil intervjua bjørnefjordingar
For å få eit godt innblikk i den nye kommunen vil Oktan og prosjektgruppa intervjua opp mot hundre innbyggjarar i Os og Fusa.

– Når prosjektgruppa er på plass i løpet av kommande veke vil den, saman med oss frå Oktan, gjennomføra mellom femti og hundre intervju med ulike personar i Os og Fusa. Vi ønskjer å koma i kontakt med eit så breitt spekter av innbyggjarane som mogleg. Om du er ung eller gamal, jobbar i det private næringsliv eller i det offentlege, heilt fersk innbyggjar eller har budd her heile livet, mellom to jobbar eller driv for deg sjølv, speler ingen rolle. Vi vil snakka med deg, seier Rygg, som har oppretta ei e-postadresse bjornafjorden@oktan.no kor folk kan senda ein e-post om dei har lyst til å bli intervjua.

– Om riktig mange melder seg, så kan det vera at vi ikkje rekk over alle. Målet er å få ei så brei innsikt i kva verdiar og haldningar bjørnafjordingen står for. Vi vil jo at dette skal bli ei merkevare som folk kan kjenne seg att i, avsluttar prosjektleiaren.