Lær å danse flamenco

Dansaren og koreografen Selene Muñoz kjem til Oseana med både workshop og Noregspremiere for si forestilling.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Den prisbelønte dansk-spanske dansaren og koreografen kjem til Oseana i forbindelse med Festspillene i Bergen: Jazz´n Rythm!

Forestillinga går av stabelen laurdag 2. juni klokka 19, men Selene inviterer til workshop i Vargasalen same dag klokka 10-12.

Under workshopen går ho gjennom nokre av dei ulike rytmane og teknikkane i flamenco, pusteteknikk og bevegelse. Saman med god flamencomusikk, sjølvsagt.

Selene begynte å danse allereie då ho var tre år gamal. Som 14-åring begynte ho på Flamenco Akademiet “Amor de Dios” og seinare Royal Conservatory of Dance i Madrid.

Selene har opptrådd over heile verda, m.a. på the Guggenheim Museum i New York, World Expo i Shanghai, Reina Sofia Museum i Madrid, SUMA Flamenca, David Tower i Jerusalem, FIB – Festspillene i Bergen, Louisiana Museum i Danmark, Tchaikovsky Concert Hall i Moskva, mm.

Workshop
I Vargasalen på Oseana laurdag 2. juni klokka 10-12.
For tenåringar og voksne på alle nivå.

Pris: kr. 450,- dersom du har billett til kveldens forestilling Jazz´n Rythm / kr. 550,- for alle andre

Påmelding til Oseana v/Berit Steen innen 16. mai:
berit@oseana.no / 916 84 128