Strømmer konsert til Luranetunet og til to sjukehus

Luranetunet og eit par andre sjukehus får gleda av å oppleva Ingebjørg Bratland sin konsert fra Oseana.


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Komande laurdag blir konserten med Ingebjørg Bratland og band strømma frå Oseanasalen til Luranetunet. Også pasientar ved Haukeland Sykehus i Bergen, og St. Olavs Hospital i Trondheim vil få strømma konserten.

– Vi har tidlegare strømma Riksteatret sine forestillingar, no utvidar vi med meir innhald til same målgruppe, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Målgruppa er publikumsgrupper som elles ikkje har høve til å oppleva kulturarrangement frå salen, for eksempel pasientar og bebuarar på sjukehus og sjukeheimar. Konserten eller forestillinga blir overført som ei direktesending. Slik er det mogleg å inkludera sjåarane i opplevinga medan den finn stad, nesten som om dei sat i salen.

– For eksempel, ved å sende ei spesiell helsing frå scenekanten til sjåarane på eit spesielt sjukehus, vil dei som ser på kunna få ei oppleving av eksklusivitet og av å vera tilstades på konserten, sjølv om dei ikkje er der fysisk, fortel Lindeberg.

Det kan variera frå stad til stad kor ein mottek sendinga og kva ein gjer ut av det. Nokre stader kan det være pasientar som ønsker å sjå den saman med nokre få vener og familie på rommet sitt, medan andre ønsker å sitte saman med andre på eit fellesrom. Dette kan kvar enkelt stad lage eigne opplegg for.

– Den største forskjellen frå ei ordinær TV-sending er nok at ein no kan velja ut enkeltpersonar eller grupper som sendinga går til, i tillegg til at ho kan være interaktiv dersom ein ønsker det. På den måten kan ein gjera skjermopplevinga meir personleg, sier Ole Tobias Lindeberg.

På Luranetunet vil konserten bli vist i stovene og på romma dersom enkelte skulle ønske det. Ved seinare høve kan ein også ta i bruk den nye Tropehagen.

– Oseana Kunst og Kultursenter er eit regionalt kulturhus, og vi har såleis eit ansvar for å gje tilbake til samfunnet rundt oss. Her går samarbeidet med Kavlifondet som hand i hanske, seier Lindeberg. Teknologien gjer oss fantastiske muligheiter til å dele kunst og kulturprosjekt med fleire!

Ingebjørg Bratland har vore positiv til prosjektet heilt sidan det blei lansert i november i fjor.

– Det er både viktig og kjekt når artistane og deira management omfamnar slike prosjekt. Saman med Kavlifondet, har vi inngått strømmeavtalar som strekker seg over fleire prosjekt, så dette er berre byrjinga, avsluttar direktøren.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s