Swingkveld i Oseana

Fredag blir det Soul City – Our Ship of Swing med Sjøforsvarets musikkorps sitt storband og Os Swingklubb.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Soul City – Our Ship of Swinghar etter kvart blitt eit tradisjonelt etterjuls­vinter­varmande konsert­ og danse­prosjekt på Oseana, saman med Sjøforsvarets musikkorps sitt storband og Os Swingklubb.
I år har dei fått med seg Noregs soul­konge!

– Songaren Odd René Andersen kjenner dei fleste frå fjernsynsprogram som Beat for Beat, Den store klassefesten og ei rekkje konsertar elles, land og strand rundt.

– Vi kan lova klassisk soulmusikk av artistar som til dømes James Brown, Marvin Gaye, Ray Charles og Sam Cooke denne kvelden. Men kvelden byr òg på annan musikk ein kan svinga seg til på dansegolvet, eller berre sitja og lytta til og nyta, medan ein nippar til eit glas.

Os Swingklubb bidrar nok ein gong til å dra danseføtene i gang, så alle kan dansa. Men om du vil, kan du òg berre lytta.