Samlet inn over 150 000 kroner

Osingane har vore gode bidragsytarar til Kirkens nødhjelp sitt bistandsprogram for naudlidane i Afrika og Jemen.


Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Ei aksjonsgruppe vart etablert med Øyvind Hægland som leiar, godt støtta av Arvid Tveit, Liv Strømsvåg, Arne Mæland og diakon Ingrid Vik frå Os kyrkjelyd.

Tilsaman er det samla inn 157 000 kroner dei 2 siste vekene av året.

Innsamlinga er fordelt slik:
Solidaritetskonsert i Os kyrkje 21/12: kr 28.900,-
Offer i kyrkjene julaftan kr 61.313,-
Gåve kr 5.000,-
Bøsseaksjon i Os 29. og 30. desember kr 57.266,-
Vipps 29/12+30/12; 4800,-) kr 4.800,-

Totalt kom det altså inn 157.279 kroner.

– Takk til alle som var med å leggje til rette, artistar på konserten, deltakarar under innsamlinga og ikkje minst; alle dei som ga pengegåve til Kirkens Nødhjelp, seier kyrkjeverge Gerhard August Hansen