Ber Os om å bosette 15 flyktninger

De siste prognosene viser at behovet for bosetting i 2018 vil være rundt 4 400 flyktninger.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs på Facebook)

Norske kommunar har dei siste åra gjort ein formidabel innsats med busetting og kvalifisering av flyktningar.

– Busetting er det første skrittet i integreringsprosessen i kommunen. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) takkar Os kommune for innsatsen i dette arbeidet.

No ber dei Os kommune om å busette 15 flyktningar i 2018.

– Dei siste prognosane viser at behovet for busetting i 2018 vil vere rundt 4 400 flyktningar, inkludert 150 einslege mindreårige. Årsaka til redusert behov for busetting er at færre søkjer asyl i Noreg, seier regiondirektør Ohene Aboagye i IMDI.

Det betyr at om lag halvparten av kommunane som har busett flyktningar dei siste åra, vert oppmoda om å busette flyktningar i 2018.

– Kommunane som vert oppmoda vert beden om å busette langt færre enn tidlegare.

Os kommune må komma med ein tilbakemelding til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om kor mange flyktningar dei kan busette innan 6. januar 2018.