Ber språkrådet om råd på kommunenavn

Vil ha faglige råd på Bjørnafjorden, Os og Fusa kommune og Midthordland kommune. 

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook

I forbindelse med planleggingen av sammenslåing av kommunene Os og Fusa har Bjørnefjorden kommune vært prosjektnavnet.

I vår har innbyggerne i Os og Fusa kunnet komme med forslag til navn på den nye storkommunen, og blant alle som kom inn, er det Bjørnefjorden/ Bjørnafjorden/ Bjørnefjord/ Bjørnafjord Midthordland/ Midhordland og Os og Fusa som er mest aktuelle.

24. august 2017 skal kommunestyrene i de to kommunene gjøre vedtak om nytt kommunenavn som så senere blir endelig avgjort av Kongen, jf § 3 pkt 3 i Kommuneloven.

Før det nye navnet på de to kommunene skal avgjøres, ber de nå Språkrådet om hjelp med faglige råd og en kvalitetssikring.

I brevet til Språkrådet legger kommunene med en forklaring på alternativene til navn (SE LENGER NEDE), og ber om et skriftlig innen 15. august.

«Bjørnefjorden/Bjørnafjorden/Bjørnefjord/Bjørnafjord Bjørnefjorden kommune har så langt vore eit arbeidsnamn i kommunereformprosessen. Fjorden Bjørnafjorden ligg mellom kommunane Os, Fusa, Tysnes og Austevoll. Namnet Bjørnafjorden blir på folkemunne brukt om ein større del av fjordområdet mellom Os og Fusa enn det som går fram av nye kart. Det er m.a.o. ikkje samsvar mellom namn i kart og lokal namnebruk. Fjordnamnet har blitt nytta som ein lekk i namn på ulike regionssamarbeid innan t.d. reiseliv og næring og då med vekslande tema og deltakande kommunar. Fjordnamnet er også nytta i ei rekkje eigennamn både til organisasjonar, offentlege organ og private verksemder t.d. Bjørnefjorden golfklubb, Bjørnefjorden landbrukskontor og Bjørnefjorden gjestetun.

Midthordland/Midhordland Midthordland er eit eldre administrativt namn på distriktet som femner om kommunane sør, aust og vest for Bergen; Samnanger, Fusa, Os, Austevoll, Bergen, Askøy og Sotra-kommunane. Midthordland er i dag ikkje namn på eit regionsamarbeid, slik som Sunnhordland og Nordhordland, og namnet har i seinare år vore i mindre bruk enn desse. Midthordland var i ein periode namn på eit prosti og er nytta i rettsvesenet om t.d. eit tidlegare tingrettsdistrikt og i Nord- og Midhordland jordskifterett. Midthordland har vore nytta som eigennamn i kommunane Os og Fusa om alt frå Midthordland branntrygdelag, revisjonsdistrikt, to lokalaviser til rutebåten M/S Midthordland.

Os og Fusa Samankoplinga Os og Fusa i eigenamn er lite i bruk. Eit døme på aktiv bruk er lokalavisa «Os og Fusaposten». Identitet Slik Språkrådet skriv på nettsida http://www.sprakradet.no er det viktig å finna eit namn som er dekkande for heile eller store deler av det aktuelle området. Alle tre namna stettar eit slikt kriterium slik at det er mogeleg for innbyggjarane å identifisera seg med namnet. Os og Fusa er mest presist, men også minst fleksibelt om det vert aktuelt å få fleire kommunar inn i samarbeidet. I utgreiingsarbeidet for «Bjørnefjorden kommune» var både Samnanger, Tysnes og Austevoll med».