Midtsommarfest og hagevandring

Dette året har Os hagelag presentert flere ulike hager. Til helgen inviterer de også til hagefest i Sørstrøno.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Os hagelag inviterer til midtsommarfest i hagen til Jan Helge Eggestøl og Kari Øritsland på Sørstrøno 226 lørdag 17. juni klokken 14.

– Dette året har hagelaget presentert fleire ulike hager og denne gongen inviterer vi også til hagefest. “Hagemangfald i Os” har vore prosjektet dette året. Vi vil visa at hagar kan vera så så ulikt og det viktige har vore å visa hageglede og livskvalitet.

På eigedomen til Kari og Jan Helge står Gamlastovo med ei røykstove frå slutten av 1700- tallet. Den er renovert, men er framleis stort sett slik den opphavleg har vore. Huset ligg godt og lunt til og er med og gir hagen karakter.

– I lange periodar har tomta vore utan stell men sidan år 2000 har det sakte men sikkert grodd fram ein hage. Hagen er ein blanding av “bondehage” med nyttevekster og ein cottage garden med låge buksbomhekkar, prydbuskar, roser og stauder. Til og med høner og eit drivhus er det plass til i den romslege hagen.

På arrangementet blir det ein liten sommarkonsert med studentar frå Griegakademiet og hagevandring med ulike innslag.

– Vi dukar eit sommarbord som du er med og lagar i stand. Ta med noko i korga di som du kan setja på bordet. Vi ordnar med drikke, kaffi og te. Ta gjerne på sommarkjolen eller dressen om veret tillet det.

Inngangspenger for medlemmar i Os hagelag: kr 100,-

Ikkje medlemmar: kr 150,-