Ikkje vent på katastrofen – bli blodgjevar i dag!

Onsdag er det den internasjonale blodgjevardagen. Alle som donerar blod den dagen får ei ekstra merksemd frå Røde Kors.

 

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bloddonasjon reddar fleire tusen liv – kvar dag. Ein halvliter blod kan redde tre liv, det er få gonger i livet det skal så lite til for å vere ein helt.

– Det er mange som er veldig flinke til å gje blod regelmessig i Hordaland, men me treng alltid fleire, seier Merete Benestad i Hordaland Røde Kors Blodutval i ein pressemelding.

10 år med Blodbussen
I år er det også 10 år sidan Hordaland, som dei fyrste i landet, fekk Blodbussen. Den var ei gåve frå Røde Kors, og vert drifta av Haukeland Universitetssjukehus. Den gjorde det langt enklare for folk å kunne gje blod.

Me ser igjen og igjen at dramatiske hendingar skjer, og då vert ofte behovet for blod auka. Ved slike situasjonar, er det mange som melder seg og ynskjer å vere blodgjevarar, men det er før situasjonen oppstår at ein må melde seg.

Det skal berre ti personar med kritiske skader til, før ein kan oppleve mangel på blod i Helse Vest.

Det er Røde Kors som står for rekrutteringa av blodgjevarar i Noreg, og i Hordaland har det vore ei sterk auke i talet på donorar. Likevel trengs det alltid fleire som er registrerte. Det er ein beredskap for samfunnet å ha blodgjevarar klare og godkjente når behovet oppstår.

– Det er ofte mange som melder seg som blodgjevarar når det har oppstått ein kritisk situasjon, men då er det litt seint når ein må gjennom prosessen for å verte godkjent, seier leiar for Blodbanken i Bergen, Einar Kristoffersen.

Med meir ekstremvêr og auka terrorfare, må ein vere klar for kritiske hendingar. Kristoffersen fortel at om ein har 10 personar med skader til dømes frå ein eksplosjon eller liknande, vil sjukehuset kunne oppleve å mangle blod.

– Det er dei faste blodgjevarane som kan redde oss i slike situasjonar. Dei som har gitt blod nokre gongar, og som enkelt og greitt kan komme inn og donere om det trengs, seier Kristoffersen.

I Hordaland er det fem tappestadar for blodgjevarar, Haukeland Universitetssjukehus, Voss Sjukehus, Odda Sjukehus og Stord sjukehus. I tillegg kjem Blodbussen. Alle tappestadane er opne onsdag 14. juni, og Blodbussen vil stå på Festplassen i Bergen.