Fikk testet «drifting» med norgesmester

Og det ble like godt to dager på Eikås motorsenter siden akslingen knakk første gangen.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Kvart år søker 9.trinn elevar på begge ungdomskulane i Os om å få oppfylt draumen sin gjennom MOT, og nokre er så heldige at dei får ønska sine oppfyllt.

– I Os har vi mål om å oppfylle minst ein draum på kvar av dei to ungdomsskulane våre lokalt, i tillegg til å sende inn søknadar til MOT sentralt, seier MOT-koordinator Ellen Merete Lyssand.

Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset ungdomsskule ønskte å få sitte på med ein «drifting»-bil.

– Dei fekk bli med på trening på Eikås motorsportsenter, der dei blei tatt godt imot av regjerande noregsmeister i drifting, Christian Bakkerud. Akslingen på bilen knakk diverre etter eit par rundar, så då fekk gutane kome ein dag til. I strålande solskin begge dagane fekk dei ei oppleving for livet.

Ragnhild Kristine Midtbø, som no går i 10.trinn på Os ungdomsskule fekk oppfylt draumen sin om privattime med Ole Edvard Antonsen.

– Saman med mor si, Ruth Elin, reiste dei til Kristiansand og fekk bruke dagen der med å høyre på då Ole Edvard øvde med eit orkester, ete lunsj med han og ikkje minst – gjennomføre privattimen som ho drøymde om.

– Ragnhild Kristine seier sjølv at ho fekk gode råd av den kjende trompetisten, og at ho kort tid etter møtet merka skilnad på si eiga speling.

I desse dagar ventar årets 9.trinn på ungdomsskulane spent på å få vite kven som får oppfylt dei neste draumane!

mane!