Elektrokontrakten for E39 Svegatjørn–Rådal er nå lyst ut

Kontraktøren skal blant annet levere lys i 3 mil med tunnel, 400 kamera, 575 skap og 260 nødtelefoner.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Elektrokontrakta for E39 Svegatjørn–Rådal er no lyst ut.

– Entreprisen omfattar mellom anna lys i 28.800 meter med tunnel.

Oppgåva omfattar elekto-arbeid i heile prosjektet, som frå før er delt i to hovudkontrakter for tunnel-og vegbygging.

416 kamera
Det skal monterast tunnel-lys i alle vegtunnelane i prosjektet. Det skal bli 1.150 ledelys/rømingslys og tilsaman 15 tekniske bygg. Det skal vidare monterast tilsaman 575 skap og 260 naudtelefonar.

– Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen i Bergen får høve til å følge trafikken gjennom til saman 416 kamera på den nye motorvegen mellom Bergen og Os.

Ferdig 2021
Det første som skjer vil vere tilgang til eit område for kontorbrakker for elektro-oppdraget.

– Det er lagt opp til at dette blir om lag midt i prosjektet, i Endalausmarka i Os.

Skogafjellstunnelen er den sørlegaste tunnelen i prosjektet.

– Her vil ein kunne starte på elektro-arbeidet våren 2018. Deretter følgjer dei andre delane av vegprosjektet etter kvart. Ifølgje planane vil elektro-entreprisen vere fullført i november 2021.

Frist i august
Elektro-entreprenørane har frist med å gi tilbod på oppdraget til 21. august 2017.

Det blir tilbodskonferanse for interesserte entreprenørar på prosjektkontoret til Statens vegvesen på Hamre i Bergen 23. mai.