Bente Bratlund feires på bilioteket

Os Folkebibliotek inviterer til bokfest, forfatterprat, poesi og marsipankake i annledning Bente Bratlund sitt 40 års jubileum som forfatter.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bente Bratlund si varme forteljarstemme ber fram fine barnebøker, gripande dikt, tankevekkjande innspel og engasjerte utbrot – med snert og humoristisk vemod.

Tanker om einsemd, sorg og vonde dagar – men også meiningar om livslyst, skapartrong, kjærleik og kunstnarglede. Bente skriv for barn og unge, om vaksenliv og alderdom – og ho utfaldar seg til glede for mange følgjarar på Facebook og på blogg.

«Kom og møt den engasjerte forfattaren når ho les dikt over temaet: «Øyeblikk på livsvegen – vandring i dikt gjennom 40 år», og fortel om den siste og «blodferske» barneboka si: «Svikta!»», oppfodrar biblioteket.

Det blir ballongar, kaffi, kake – og kanskje til og med nokre overraskingar for den glade jubilanten!

Velkommen til biblioteket – laurdag 29. april kl 14.00!