Os Røde Kors på flere leiteaksjoner

Travel påskestart for Røde Kors i Hordaland.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Røde Kors Hjelpekorps frå heile Hordaland har vore med på dei to leiteaksjonane i Sotra og Bergen i helga. I tillegg har Hjelpekorpsa i heile fylket auka beredskap i påska.

– Leiteaksjonen etter ei kvinne på Sotra engasjerte hjelpekorps frå Kvinnherad, Bømlo, Alvøen og Laksevåg, Øygarden, Os, Arna og Åsane, Bergen, Fana, Voss og Vaksdal. Etter halvanna døger med leiting vart kvinna dessverre funnen omkommen søndag ettermiddag, melder Hordaland Røde Kors.

– Då ei ung kvinne forsvann frå ei leilegheit i Bergen tidleg søndag morgon, var også Røde Kors raskt ute for å leite, og lokalforeiningane i Alvøen og Laksevåg, Nordhordland, Os, Arna og Fana melde seg til aksjonen. Kvinna vart funnen i god behald etter to timar, noko som viser kor effektivt hjelpekorpsa var i stand til å mobilisere.

I tillegg har Røde Kors Hjelpekorps assistert med transport og fyrstehjelp i nokre mindre hendingar på Kvamskogen.

I begge leiteaksjonane denne helga var Røde Kors Båten Hordaland engasjert i søka.

– Båten er i auka beredskap og staden for informasjonssentralen denne påska. Søndag reiste båten til Hardanger og Kinsarvik for å besøke lokalforeininga der. Måndag er den i Odda og skal øve på sjøredning der før den dreg vidare til Bømlo.

I Hordaland er det kort veg mellom fjord og fjell, og for mange kan påska by på begge deler. Difor vil Røde Kors minne om både Fjellvettreglane og Sjøvettreglane, og er til stades alle plassar folk vel å feire påska.