Røde Kors båten besøker Os

Turnerer hele fylket i påsken.


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Tradisjonen tru er Hordaland Røde Kors Hjelpekorps i auka beredskap i påskeveka.

– Me skal også operere informasjonssentralen slik me pleier, men nytt av året er at denne vert å finne i Røde Kors båten Hordaland og i Kommandovogn på turné i heile fylket!

Med ei så sein påske som me har i år, vil mange like gjerne feire høgtida til sjøs som til fjells, difor vil Røde Kors vere til stades også på sjøen.

– Røde Kors Båten Hordaland startar sin påsketur i Os, før heile fylket vil få besøk i løpet av påskeveka.

Turneen startar i Os Hamn laurdag 8. april, båten vil ligge der mellom klokka 10:30 og 12.

– Der kan ein snakke med Røde Kors, få ei omvising i båten vår og det vil verte gjort ei redningsøving til sjøs.

Vidare vil båten besøke Vedholmen klokka 12:30-14.

– Røde Kors ynskjer at alle skal ha ei trygg og god påske, og tek beredskapen i høgtida på alvor. Me er til stades der folk er – både i skiløypene og i båthamnene.