Åpner grusbanen for parkering

img_3910-006Å driva næring i Os Sentrum blir ekstra utfordrande, utan parkering.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Plassane markert med 30 min, 2 og 3 timar, er tiltenkt kundar og brukarane av butikkar og andre servicetilbod i Os Sentrum.

– Fleire melder at det er mange av dei som arbeider i sentrum som nyttar kortidsparkeringane gjennom heile arbeidsdagen. Vi som har Os sentrum som arbeidsplass, må gå i oss sjølve og bruka dei langtidsparkeringane som finst. Dette for å gjera det enkelt for dei som kundar og brukarar av sentrum, seier leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

No vert det opna opp for parkering på grusbanen i ein periode.

– Då ulike delar av sentrum blir råka av grave og bygningsarbeid i samband med opprustinga av bydraget, har Os ungdomskule og Jadakameratene IL gjeve løyve til å nytta grusbanen til parkering frå veke 9 til og med veke 12.

Dei blå felta er langtidsparkeringar.

Os kommune sine gratis 8-timars parkeringsplassar er:

– Ved Vognhallen

– Os barneskule (mellom Giskavollen og Byvegen)

– Landboden (ved Kløvertun og svømmehallen)

– Esso (mot Hatvikvegen)

– Grusbanen (fra 25.02.17 – 26.03.17)